Nordmørsmusea: Konsert med Bjørdal og Berglund
21. feb. 2026
18:00-19:30

Nordmørsmusea: Konsert med Bjørdal og Berglund

Normoria, Dåm Symfonisal

Slåttemusikk fra Møre og Romsdal

Nordmørsmusea

Velg dato og tid

21. februar
18:00
Pris280 NOK
Finn billett

Informasjon

Duoen Bjørdal/Berglund, med Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel med melodibass) og Marius Berglund (durspel), avholder konsert på Normoria den 21.februar. Konserten spring ut av fleire års arbeid med å samle og formidle slåttemusikk frå Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre – eit område med rik tradisjon, men som i liten grad har vore representert i nasjonale produksjonar og konsertsamanheng.

Repertoaret er henta frå både Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, og omfattar slåttar etter tradisjonsberarar som Jens Synnes, Magne Fagervik, Hans Magnus Arnesson Hauge, Erik Almhjell og Hans Geitvik.

Musikken spenner frå eldre bygdedansslåttar til runddans og brudemarsjar, og blir framført på toradar og kromatisk trekkspel – eit samspel som gir eit nytt klangleg rom til det tradisjonelle materialet.

Blant slåttane er Med syljer og stas (brudemarsj av Jens Synnes), Springar etter Jens Synnes, Den Frilynde av Hans Geitvik og Halling etter Erik Almhjell. Repertoaret viser breidda i uttrykket frå Nordvestlandet – frå det rytmiske og drivande til det lyriske og ornamenterte.


Detaljer

Sted

Normoria

Dåm Symfonisal

Kategorier

Nordmørsmusea

Arrangør

Normoria

Priser

280 NOK