Nordmørsmusea presenterer: Polsdans i dans og spel
2. mai 2026
12:00-16:00

Nordmørsmusea presenterer: Polsdans i dans og spel

Normoria, Hauk Lillesal

Seminar om Polsdans-tradisjonen på Nordmøre

Nordmørsmusea

Velg dato og tid

2. mai
12:00
PrisGratis

Informasjon

Vi gjekk fram, sleppt kvarander, tok kvarander og svinga oss rundt og. Vi dansa mykje polsdans.

Under nemninga «norsk folkedans» finn vi fleire grupperingar av dansar, dei eldste dansane er i gruppa «bygdedans». Dette er særmerkte dansar med røter tilbake til 1500-talet, knyt til lokale bygdemiljø og dialekter. På Nordmøre vert nemninga «polsdans» nytta på dansen som var populær før runddansen kom til bygdene og som endå vert nytta på dansegolvet.

Er du nysgjerrig på polsdans-tradisjonen på Nordmøre? Har du lyst til å bli ein betre polsdansar og få meir kunnskap om musikken og dansen?

Under seminaret kjem vi til å diskutere, høyre, sjå og herme etter arkivopptak og tradisjonsberarar.
Seminar og dagen avsluttast med dansefest kor du får prøvd ut dei nye dansemovsa dine!

Pris: 300kr (inkl. inngang på dansefesten)

Førebels program
12.00 -16.00 Seminar
18.00 Dansefest

Meir info om medverkande og program kjem.
Seminaret arrangerast i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Viti og er støttet av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Billetter finner du her.

Foto: Kristin Støylen/VITI

Detaljer

Sted

Normoria

Hauk Lillesal

Kategorier

Nordmørsmusea

Arrangør

Nordmørsmusea

Varighet

4 t

Priser

Gratis