Teatret Vårt: Tonje Glimmerdal
19. des. 2026
18:00-19:00

Teatret Vårt: Tonje Glimmerdal

Normoria, Bræin Operasal

Ei juleforestilling med fart og sjølvtillit

Barneforestilling
Familie
Teater
Teatret Vårt

Velg dato og tid

19. desember
18:00
PrisGratis
Finn billett

Informasjon

Tonje Glimmerdal er tilbake!

Publikum har gjort Tonje Glimmerdal til ein ekte julesuksess, og for tredje året på rad inviterer vi igjen til fart, latter og hjartevarme frå Glimmerdalen denne førjulstida.

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski. No nærmar det seg jul i den vesle dalen.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen, og hadde premiere i november 2024. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Anne Wiig spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Britt Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Bli med på ei varm og actionfylt førjulstid i Glimmerdalen.

Passer for alle fra 4 år

-------------

Av
Maria Parr

Dramatisering og regi
Kjersti Sandal

Scenograf og kostymedesignar
Dagny Drage Kleiva

Lysdesigner
Jonas P A Fuglseth

Komponist og lyddesigner
Sindre Klykken

Musikarar
Britt Elise Skram og Sindre Klykken

Maskør
Maren Togstad

Koreograf
Nikita Kistochka

Dialektkonsulent
Solveig Styve Holte og Ane Marte Brattli Strøm

Skuespillere
Anne Wiig, Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman og Johanna Mørck

Med dansere fra Noise



Detaljer

Sted

Normoria

Bræin Operasal

Kategorier

Barneforestilling, Familie, Teater, Teatret Vårt

Arrangør

Normoria

Varighet

ca 1 t

Priser

Gratis